Startsida for folkedanslaget/leikarringen «Symra» i Oslo

Symra er eit folkedanslag. Laget held til i Bygdelagshuset, Nordahl Brunsgt 22 i Oslo.
Symra er eit lokallag i Bygdelagssamskipnaden i Oslo og i Noregs Ungdomslag. Symra er medlem i SAFFA.

Laget arbeider med alle typer norsk folkedans:
Gamaldans, turdans, songdans, bygdedans og stildans/balldans/historisk dans.

Dei faste øvingane i folkedanslaget er kvar onsdag kl 19.30 – 22.00 i Storsalen.
Nokre gonger kallar vi øvingane «kulturkveld/ kaffikveld» – da er det ekstra mange kaker og ofte program i tillegg til dansen. NESTE KULTURKVELD ER ONSDAG onsdag 10. jan 2024. 2023 KL 19.00 – 22.00.
Laget held regelmessig kurs for nye folkedansarar i ulike typer dans, til dømes grunnkurs i gamaldans   og Rørospols.
Øvingane i stildans er på fredagar og nokre søndagar. Grunnkurs i stildans/ historisk dans starter fredag 12. jan.
Stundom arrangerer laget også andre aktivitetar som fjelltur, tur til utlandet, teaterkveldar, leikfestar osv.

Neste grunnkurs i gammeldans  startar  17. jan 2024 (sjå meir under  Det som skjer  og undergruppa  Kva skjer).

Nybyrjarkurs i Rørospols startar 28. feb 2024. Toraderkurs for nybegynnere startar 24. jan 2024.

Trekkspillkursetstarter 17. jan.

Symra har aktive grupper innafor musikk:

«Symradern» er toradergruppa i Symra. Trioen  «Att og fram»  spelar på grunnkursa. To musikarar spelar på øvingane på onsdag, På ball og miniball er det levande musikk.

Du finn meir om dei ulike aktivitetane ved å trykke på menyknappane oppe til høgre.
«Terminliste» og «Kalender» gir god oversikt.

Nedanfor finn du òg meir informasjon om laget:

Symra si gamle heimeside.
Symra si gruppe på Facebook.
Kursannonser på «Kursagenten».

Oversikt over alt som skjer innan folkedans og folkemusikk i Noreg og Norden finn du her på Folkedans.com.

(NB: For å finne eldre innlegg på denne heimesida kan du trykke på «lupa» lengst til høgre øvst på sidene.)



www.hitwebcounter.com

Navigering/Meny

Du navigerer på heimesida ved menyen øvst til høgre på kvar side.

Forklaring av Meny:
«Startside» = Denne sida
«Kontakt» = Kontaktinformasjon om Symra
«Det som skjer»
a) «Kva skjer?» = Info om ting som skjer i tida framover
b) «Terminliste» = Kronologisk liste over alle øvingar, festar etc
c) «Kalender» = Kalender over alt som skjer i Symra og i BLS
«Aktivitetar»
a) «Øvingar» = Info om øvingar og kaffikveldar/kulturkveldar
b) «Kurs» = Info om ulike kurs i dans og toraderspel
c) «Stildans» = Info om «stildans»/»balldans» i Symra
d) «Musikk» = Om musikken i Symra
«Nyttig»
a) «Referat» = Referat frå ulike hendingar i Symra
b) «Historia» = Litt om historia til Symra
c) «Dansevideoar» = Aktuelle dansevideoar
d) «Rettleiing» =  omtale /rettleiing i dansar
e)  Den gamle heimesida
f) Heimesida til BLS
«Lupe» = Søking på heile denne heimesida