Den første tida med songdans i Noreg

Innleiing
Det er vanleg å rekne at «leikarbeidet» i Noreg tok til i 1902 i Bondeungdomslaget i Oslo (BUL), utløyst ved den framsyninga som Hulda Garborg (1862-1934) og ein liten ring med unge musikalske Kristiania-damer hadde på eit lagsmøte i Bondeungdomslaget 7. mars 1902, og der Arne Garborg (1851-1924) tala om «Nordisk folkedans».  Svært mange høyrde og såg, og mange kom ikkje inn i salen, og dei vart svært oppglødde for folkevisedansen. Etter dette vart det etter kvart vanleg med folkevisedans på lagsmøta i BUL, og dansen breidde seg snart til andre stader. På målmarknaden i Bergen hausten 1902 var det såleis også framsyning av folkevisedans etter at Hulda Garborg var der og lærde bort nokre dansar.

Om bakgrunnen
Men det starta på eit vis før, med dei nasjonale, frilynde og målpolitiske rørslene som voks fram på 1890-talet, ikkje minst i Oslo. På slutten av 1800-talet auka folketalet i Kristiania sterkt, mest pga stor innflytting. I 1875 var folketalet kring 95 000 og i 1900 var det heile 227 000. Av måltiltak var Det Norske Samlaget (1868) tidleg ute. I 1894 fekk desse rørslene eit viktig talerøyr i bladet «Den 17de mai», der Rasmus Steinsvik (1863-1913) var redaktør i mange år, heilt til han døydde (dagsavis frå 1914). «Syn og Segn» kom i 1894. I 1895 fekk målfolket i gang «Målkassa» – eit kulturfond for målreisinga. På 1880-talet og særleg på 1890-talet voks det fram mange ungdomslag, «lesarlag», eller mållag som arbeidde for nasjonal reising og folkeleg opplysning. Sume av desse laga var nokså radikale, til dømes «Fram» (skipa i 1890) og «Friheten» (1891), andre meir typiske bygdelag der innflyttarar kunne møtest, eller meir politiske lag som enten var sosialistiske eller sokna til Venstre.

Laget «Fram» gjorde særleg mykje for å stø framvoksteren av dei «frilynde» tankane på 90-talet. Arnstein Myhr var ein av dei leiande, ofte formann, og studentar som Halvdan Koth og Nicolaus Gjelsvik gjorde stor innsats. Fram skipa til det første ungdomsstemnet i hovudstaden for Eidsiva i 1895, og Koth og Myhr tok i dette laget initiativet til å skipe eit landslag av frilynde ungdomslag. I 1896 vart Noregs Ungdomslag skipa  i Trondheim av 9 fylkeslag. I 1998 1. – 18. september, gjekk norskdomsfolk i Oslo saman og skipa «Den norske Marknaden» – «Målmarknaden» på Tivoliområdet. Det vart samla inn ei mengd gåver (snikkararbeid, rosemåling, treskurd, vevnad, saum ..)  som vart seldt, og samtidig var det kulturelle tilstellingar av mange slag. Det var foredrag om nasjonale emne, Hulda Garborg stod i brodden for teateroppsetjingar på nynorsk, det var folkevisesong av mellom andre Torvald Lammers, nasjonalt felespel, nasjonaldans, det var «Peisestove» og «Huskestove» og mykje anna. Og det kom inn svært mykje pengar (ca 20000 kr) til målarbeidet.  I 1899 starta Hulda Garborg og andre «Det Norske Spellaget» – eit teater utan fast scene, med Hulda som teatersjef. I dette miljøet var Arne Garborg var den sentrale «åndshøvdingen».

Bondeungdomslaget vert skipa
I 1899 vart Bondeungdomslaget i Oslo skipa, nær knytt til Noregs Ungdomslag og målarbeidet, med Christopher Bruun (1839-1920) som «åndeleg far» og med bladmannen Klaus Sletten (1877-1946) som ei ung drivande kraft. Han vart første leiaren i BUL og var det i mange år framover, til 1916. BUL fekk svært mykje å seie for utviklinga av nesten alt frilyndt og målpolitisk arbeid i hovudstaden, ja i heile landet. Ikkje minst fordi laget raskt vart sterkt også økonomisk, og dreiv etter kvart mange forretningar: fleire kafear, hotell, bunadutsal og eige lagshus. Lagshuset Bondeheimen vart bygt i 1913, og der fekk også Det Norske Teateret, som vart skipa same året, tilhald. Det gjorde at dei kunne gje økonomisk stønad til mange tiltak, til dømes nynorske blad, Det norske Teateret og mykje anna. Her står det meir om den snøgge utviklinga i BUL dei første åra.

Dei første åra i BUL
I BUL var det møte kvar fredagskveld, med framifrå talarar og kulturelle program – opplesing, handskreve blad, musikk og folkevisesong. Norsk nasjonaldans (springarar, gangar etc) og felespel kunne det også vere, mellom andre av Torgeir Torgeirson sonen til Myllarguten. Stordansaren Jon Dale frå Valdres heldt kurs i springar, gangar og halling, og dansane vart vist fram for publikum. Leik og moro var det mindre av, og dans ikkje. Klaus Sletten var ein streng formann som meinte at dans tok merksemda vekk frå «høgre hugmål». (Men i laget «Oslo Gilde», som vart starta i 1900 for litt eldre målfolk, kunne dei også danse.) Iblant kunne det vere stevleik, dei hadde fleire lagsfolk som var flinke i slikt som Lars Liestøl, og dei kunne og lage aktuelle nylaga stev. Elles kunne dei drive med leikar som «Ut å gå på brandvakt», «Veva vadmål», «Kjerringa med staven», «Riss, rass fillebombombom», «Hindeleiken» og andre frå samlinga til Bernt Støylen (1899). I 1900 fekk Margit Bruun – dotter til presten og folkehøgskulemannen Chr. Bruun (1839-1920) – samla ei lita gruppe lagsfolk som tok til å syngje folkeviser etter Landstads visebok. Dette arbeidet gjorde nok at då Hulda Garborg i mars 1902 viste songdansen sin, var det god grobotn for at mange snøgt vart interessert. Det byrja straks å kome folkeviser i det nye bladet «Symra» som leiaren i BUL Klaus Sletten var bladstyrar for, både tekst og tonar, mellom andre «Gudmund og Signeliti», «Kongen og Knut liten», «Reven og bjørnen» og «Liti Kjersti». I referatet frå 17.-mai-festen i BUL i 1902 stod det: «Leid på kvelden var det folkedans og annan leik, so folk totte det var gaman». Og frå årsfesten i oktober: «Folkeviseleiken gjekk med meir liv enn nokon gong fyrr, alle vilde vera med». Dei viste også fram folkeviseleik  og barneleikar på Folkemuseet på Bygdøy. Alt tyder difor på at iallefall ein del av medlemene i BUL var med å dansa folkevisedans, og at Hulda Garborg hjelpte til med å lære dei dansar i tida etter ho viste dansen på møtet i mars. Elles fortel Hulda Garborg at ho allereide i 1900 tok til å øve dansar med dei 6-7 jentene «sine».

Sumaren 1902 var Hulda Garborg på studietur til Færøyane og fekk der oppleve dansen færøydansen for første gong. Om det dramatiske møtet med den levande tradisjonen der skreiv ho til Arne Garborg: «Slig Hedenskab har jeg aldri set i Dans. Gamle, veirbidte Mænd blev rent vilde og skraalede af Fryd og Livsglæde.» Ho dansa så lenge ho kunne stå på føtene, skriv Johs A. Dale i biografien om henne. Denne tida brukte ho mykje av tida si på dansen. Om  hausten var ho til dømes i Bergen og lærde opp ein flokk dansarar til Målmarknaden der, den første gongen dei dansa folkevisedans der. Dette vart starten på eit kurs som varde i 4 månader med 60 elevar. Lærar Einar Bø og Arne Hatlestad var dugande instruktørar. Begge desse dreiv aktivt som danselærarar i åra framover, attåt andre, til dømes Rasmus Hvidsten.

I februar 1903 skreiv Hulda Garborg eit stykkje i «Symra»: «Eg ser at dei vil taka til med folkevisedans kring i bygdene. Det gjeng fortare enn eg hadde tort vona, og ingen kan vera gladare for det enn eg. …» (Sjå også her) Hulda Garborg og BUL vart våren 1903 invitert til å kome til Stockholm og vise folkedans. I pinsa 1903 reiste dei, både dansarar frå BUL og frå Setesdal og Telemark, med Olav Moe frå Valdres som spelemann. Dette vart ei svært vellukka ferd på alle vis, og gav god PR for dansen, også her i landet. Les meir om denne ferda her. Mellom dei frå BUL kan vi nemne Klara Semb, Marta Ullestad (seinare gift Mandt), Elisabeth Grude (seinare gift Kviberg), Dina Sletten (søster til Klaus Sletten) og Aslak Tonna (lærar, seinare første formannen i Oslo Fylkeslag). Dei mest ihuga dansarane i BUL, mellom andre dei som var med til Stockholm, øvde no saman og var nærast som ein framsyningsring å rekne (sjå biletet), og Hulda Garborg hjelpte ofte til. I byrjinga av oktober står det i «Symra»:  «… dansarflokken åt Bondeungdomslaget med fru Garborg i brodden synte fram dei glupaste nasjonaldansar og folkevisedansar. Folk sparde ikkje på fagninga.» Den 22. november dansa dei i «Oslo Gilde» og den 1. februar 1904 i Fredrikstad med 800 som såg på. I januar 1904 hadde Hulda Garborg eit vellukka kurs på folkehøgskulen i Valdres. I 1904 var ho i Stockholm då «Folkeviselaget» var starta der (også den svenske kronprinsen var med), og i 1905 på lærarskulen på Nääs ved Gøteborg og heldt kurs der. Ho hadde kurs i Seljord (den turen hadde ho 8 kroner i tap), og i januar 1906 i Hallingdal. Det var herifrå ho skreiv brev til Arne Garborg at «kvar kveld i hennar liv var spilt om ho ikkje fekk danse springar med Lars Bråten!», og då fekk ho ein Ål-bunad i gåve frå dansarane på kurset. I 1908 hadde ho kurs i ungdomslaget «Ivar Aasen» i Ålesund. Ein del av dette fortel ho om i dagboka si. På slike ferder kombinerte ho gjerne arbeidet med dansen og folkedraktene. Etter kvart tok andre meir over kursverksemda, særleg Klara Semb.

Også i BUL tok andre over leiinga av dansen. Hausten 1904 tok dei til med faste leikøvingar i BUL, skriv Svindal i «Hugmål». Øvingane vart haldne i ein sal over Kaffistova i Øvre Slottsgate. Øvingane vart kalla «Laurdagssamkomer». I tillegg til øvingane var det også andre aktivitetar. Ein kveld etter øvingane var det ein halv time med runddans, og dette vart det oppvask om i bladet «Heimatt». I dette ordskiftet framgår det også at det er svært mykje folk på øvingane, det er trongt om plassen, og det blir gjort framlegg om å dele øvingane i flokkar på 30 med kvar sin rettleiar. Ein av dei som rettleidde på øvingane var Jon Borgan. I 1904 dansa «framsyningsringen» på 80 års dagen for Aasta Hansteen, den 17. mai 1905 i Turnhallen (her braut plattingen saman under framsyninga og dansarane vart borte mellom plankane, skriv Svinndal i «Hugmål») og i 1905 på nobelprisfesten for Bertha von Suttner.

Skriftleg materiale
At det no kom skriftleg materiale om folkevisedansen var også viktig for at framvoksteren sette fart. I 1903 skreiv Hulda Garborg eit heftet på 25 sider «Songdansen i Nordlandi» der ho greidde ut om færøydansen og om songdans i mellomalderen. Hefte kom i ny og større utgåve i 1913 (78 sider) og ei 3. utgåve i 1922 (100 s). Hulda Garborg i samarbeid med Halvdan Koth gav ut eit meir praktisk hefte i 1903 «Norske folkevisor» I der Hulda Garborg skreiv ei utgreiing om folkevisedansen, og der det også var 14 viser med tonar til. Halvparten var gamle folkeviser og halvparten nyare viser som «Per spelemann», «Kraakevisa», «Aka paa isen haale», «Aa Torstein tala til staven sin». Tre kvad frå Færøyane var også med: «Ormen lange» omsett av Per Sivle (13 vers), og nokre vers av «Dvergemøy» og «Sjurdarkvædi» omsett av Hulda Garborg. Heftet vart fort utselt. Same året kom ny utgåve (6000 eks.), i 1904 10000 eks., i 1912 kom 7. utgåva med 30000 eks. og i 1917 8. utgåva (35 000 eks.) med ny utgreiing om folkedansen ved Harald Tveit. Så kom heftet «Norske Folkevisor» II ved Halvdan Koth  i 1904 med 21 viser, det vaar ei rein visesamling. Her var 8 gamle («Bendik og Aarolilja», «Solfager og Ormekongen», «Aasmund Frægdegjævar», «Margit Hjukse»…) og nyare viser («Han Mass og han Lasse», «Paal paa haugen», «Aa kjøre vatten», «Fanteguten», «Anne Sveltihel», «Øystredøls-marsjen», «Olav alvemøyi» (islandsk) og «Knyte kjærleiksband» (svensk leik, omsett til norsk av H.G.). Dette heftet kom også i mange opplag (6000 i 1904), 3. opplag i 1912 med 17000 og i 1924 24000. I 1920 kom «Norske Folkevisor» III med 14 viser – nokre gamle og nokre nyare – i utval ved Harald Tveit. I tillegg gav Hulda Garborg ut heftet «Norske dansevisur» i 1913, med nye og auka utgåver i 1917, i 1920 og i 1923. Dei tre folkevisehefta vart i 1922 slegne saman til ei bok «Norske folkedansar I. Dansevisor» med totalt 50 viser. Professor Knut Liestøl skreiv innleiinga, og Klara Semb valde ut nyare viser. I tillegg til «Draumkvedet», kom det inn viser av kjende diktarar som Vinje, Sivle, Garborg, Janson og Mortensson. Denne boka kom etter kvart i mange utgåver, alle redigert av Klara Semb.

I 1922 kom også Klara Semb med første utgåva av rettleiingsboka si «Norske Folkedansar II, Rettleiing um dansen» på 166 sider. Her er både rettleiing om dei einkelte songdansane, og rettleiing om turdansar som etterkvart vart tekne i bruk. Denne boka kom også i mange og auka utgåver. Ikkje minst vart denne rettleiingsboka eit svært viktig reidskap for å spreie kunnskap om dansane og var til stor hjelp for rettleiarane.
(Vi skal elles minnast at parallelt med arbeidet med folkevisene, la Hulda Garborg ned eit stor arbeid for folkedraktene og bunadene. Første heftet «Norsk Klædebunad» kom alt i 1903, ny utgåve i 1905 (6000 eks.) og eit større hefte i 1917 med 100 bilete og 8 mønsterteikningar.)

Klara Semb
På Austlandet var Klara Semb (1884-1964) tidleg ute med å halde kurs rundt om i bygdene. Ho byrja i BUL då ho vart komfirmert i 1901,og vart ihuga  med då folkevisedansen byrja i 1902. Klara hadde god songrøyst og sers givnad for dans, skreiv Hulda Garborg. Klara var med på Stockhomsferda i 1903, og var jamt med på øvingane i BUL, og i mange år hadde ho eit nært samarbeid med Hulda Garborg. Når Hulda ikkje hadde tid til å reise og halde kurs, fekk ho stundom Klara i staden sin, den første tida særleg i romeriksbygdene. Ho tok realskule og handelsskule og arbeidde eit par år på bibliotek. I 1905 sa ho opp jobben sin, og om hausten la ho ut på si første «langferd» til Storelvdal og heldt mange kurs der i to vintrar. Ho fortel at ho første tida tok 10 kroner for eit 10 dagars kurs, men seinar 50 kroner. Seinare fekk ho fast jobb att i nynorskavisa «Den 17de Mai», der ho arbeidde til ho byrja reise med «Det norske spellaget» i 1912, så på kursferd til Sørlandet, og seinare ei kort tid med det «Det Norske Teateret» i 1913. Frå 1914 vart det folkedans på heiltid for Klara Semb resten av livet.

Meir om arbeidet i BUL
Frå 1906 og frametter vart det i BUL valt ei leiknemnd som skulle organisere leikøvingar, syte for leiken på lagskveldane, ordne med framsyningar etc. I 1907 vart Bjarne Foss leiar i nemnda, i 1908 Jon Borgan, og i 1909 Adolf Indrebø. Klara Semb var også med i nemnda, iallfall i 1908 og i 1909. Vinteren 1908/09 var det leikkurs i Turnhallen med Einar Bø som lærar. (Bø gjekk på Centralskulen og vart seinare inspektør i Bergen. Det var han som «utforma» Vestlandsspringaren bygd på springarar frå Hordaland). I desse åra fekk Klara Semb i stand fleire leikarringar, men det var uråd å halde dei saman, fortel ho. Klara Semb fortel også at til 10-årsfesten til BUL i hausten 1909 hadde ho ansvaret for ei gild framsyning på festen, og at ho her for første gong våga å bruke dansemåtar ho hadde laga til større episke folkeviser, mellom dei «Bendik og Årolilja», «Gudmund og Signeliti» og «Inga litimor».  Både dansarane og pressa tok vel imot det nye, fortel Klara Semb. Det mannskapet ho hadde på denne framsyninga heldt saman ei tid framover.

I 1910 vart eit frittståande lag for folkevisedans – Ole Bull-laget – skipa med  Hulda Garborg som leiar. Nestleiar og skrivar var Klara Semb.  Men aktiviteten dovna bort då Hulda Garborg og Klara Semb reiste på spelferd i 1911 med «Det Norske spellaget». På dei 3 spelferdene var det alltid folkedansframsyning etter skodespelet. Mellom dei som var med var Klara Semb, søster hennar Anna Helene Semb, Hulda Garborg, Rasmus Breistein, Olai Breistein, Edvard Drabløs, Tuften Garborg, brørne Olav og Lars Nygard, Anders Underdal og spelemannen  Olav Moe (litt ulikt mannskap på dei tre spelferdene). Desse framsyningane gjorde svært mykje for å gjere folkedansen kjent omkring i landet (biletet er frå siste spelferda). Ofte vekte dansen vel så stor jubel som spelstykka.

I åra 1912-14 vart leikarbeidet i BUL organisert på ein ny måte. «Leikøvinga åt Bondeungdomslaget» vart organisert som eit særs øvingslag for BUL-medlemene, med 3-månaders kurs kvart halvår. I 1912 og 1913 var Ola Haraldset danseleiar, nokre gonger med hjelp frå Hulda Garborg, og i 1914 Dina Sletten (søster til Klaus Sletten). I 1913 var Henrik Gjellesvik spelemann på kurset, han som skulle etter kvart bli fast spelemann i BUL i halvannan mannsalder. Løna hans var kr 2 per kveld. Det var mykje folk på desse kursa, våren 1914 var det 129 deltakarar, mellom  dei seinare kjende dansarar som Aasmund Svinndal og Karl Drabløs. Dei øvde på folkevisedans og turdansar som treturar, trekarspolska (svensk), sekstur, åttetur, Pas d’Espagne, Vossarull og sognespringar (Johan Klingenberg frå Lærdal var lærar). Om desse åra fortel Ola Haraldseth svært morosamt i 30-års skriftet til BUL.

I 1915 vart det skipa nytt songdanslag att, kalla «Leikarlaget». Sigurd Sørum og Dina Sletten rettleidde der. Sumaren 1916 hadde dei faste framsyningar på Folkemuseet. Men laget vart oppløyst allereide hausten 1916. Då aktiviteten i laget vart lagt ned , brukte dei pengane i kassa til eit kurs i Valdresspringar. Dei var 8 par som kalla seg «Springdansringen», med Aasmund Svinndal som formann, Jon Dale var lærar og svært dugande springardansar og Henrik Gjellesvik spelemann. Dei skreiv også ned springaren, og denne oppskrifta vart seinare brukt ein del.

Frå hausten 1916 vart leikaktiviteten i BUL knytt til dei årvisse leikkursa, og i åra fram til 1919 var Ragna Gunleivsen (seinare gift med Einar Øygard) rettleiar. Ho hadde gått på kurs i BUL nokre år før, og vart ein sers dugande rettleiar. Vinteren 1918/19 var det heile 190 elevar delt på 2 kurs. Sumaren 1917 var svenske folkedansarar på vitjing i Kristiania. Dei vart kjende med dansarar i BUL, og dette la eit grunnlag for eit spirande nordisk dansesamarbeid. Dei dansa også framsyning rundt ikring, mellom anna var dei på folkehøgskolen på Eidsvoll og på olsokstemne i Sarpsborg. Vi må nemne spesielt den store  jubileumsutstillinga på Froger i Oslo i 1914. Til kabareen «Huskestua» hadde Klara Semb øvt inn ei fin framsyning og dei dansa kvar kveld i 3 månader for fulle hus. Kjetil Flatin spela til bygdedansane og Carsten Carlsen til turdansen. (Carsten vart seinare gift med Lalla Christensen, som også var med og dansa) (biletet viser deltakarane). Etter dette slutta Klara Semb som skodespelar på Det Norske Teateret, og resten av livet dreiv ho som «frilans» folkedansrettleiar. Viktig for dette valet var den turen ho fekk vere med på den store turen til Færøyane i 1911, der ho fekk sterke inntrykk av kva songdans eigentleg var.

Leiarringen i BUL vert skipa
Sumarane 1918 og 1919 hadde Det Norske Teateret skodespel på friluftsteateret på Folkemuseet på Bygdøy, mellom anna stykket «Liti Kjersti» av Hulda Garborg. Ein del dansarar frå BUL var med det som statistar og dansa både norsk og svensk folkedans. I «Hugmål» fortel Svinndal at det var mellom desse dansararne eit fast særlag i BUL måtte skipast. Truleg var det Ragna Gunleivsen som var drivkrafta bak. Dei drøfta spørsmålet på fleire møte og i november 1919 vart «Leikarringen» godkjent som som særlag av BUL, og arbeidet tok til, med Einar Øygard som formann, og Mikal Gulla som varaformann. Andre sentrale dansarar var til dømes P.A. Schanke (biletet), Aasmund Svinndal og Ingeborg Bøhn (seinare gift Schanke). Første rettleiaren var Ragna Gunleivsen. Einar Øygard var leiar i Leikarringen berre første året, og Ragna Gunleivsen slutta også snart som rettleiar. I nokre år framover var desse to svært aktive som rettleiarar for mange kurs og ringar i og ikring Oslo. I Leikarringen i BUL var det mest Aasmund Svinndal som rettleidde mest i 1920-åra. Heilt til lenge etter 2. verdskrigen var Leikarringen i BUL ein framsyningsring, med etter måten få utvalde medlemer (30-50) – ein elitering å rekne. I lovene for Leikarringen stod det at dei som skulle vere med i ringen, måtte vere medlemer i BUL, og måtte kunne å danse, og styret skulle godkjenne dei som dugande nok. Andre medlemer i BUL gjekk på kurs og dansa folkedans på medlemsmøta og lagsfestar.

Organisering av leikarbeidet
Arbeidet i Leikarringen i BUL fekk svært mykje å seie for utviklinga i «leikarbeidet» i Noreg, nær knytt som dei var til Noregs Ungdomslag og med Klara Semb som ein sentral medlem og aktør. Den første store oppgåva deira vart å representere landet på den første nordiske dansestemna i Stockholm sumaren 1920. Frå Leikaringen i BUL reiste det 12 dansarar og spelemannen Henrik Gjellesvik. Dessutan var det 3 frå BUL Bergen, 2 frå Ervingen i Bergen, 2 frå Fosna Mållag (Kristiansund), 2 frå «Dag» (Skien) og hallingdansaren Sigvat Tveito frå Ål. Som førebuing dansa dei på Folkemuseet på Bygdøy og i Kongsvinger på veg til Stockholm. Dette var ein svært dugande dansering og ein framifrå spelemann, og dei gjorde svært stor lukke med dansen sin i Stockholm. Det andre viktige spørsmålet dei arbeidde med var korleis leikarbeidet i Noreg skulle organiserast. Leikarringen sette i 1920 ned ei nemnd til å greie ut spørsmålet, og dei kom til at det var best å organisere leikarringane gjennom Noregs Ungdomslag. Difor sa dei nei til å bli med i den nye organsasjonen «Den Norske folkeviseringen». Som resultat av dette tok Leikarringen kontakt med NU for å få i stand eit folkedansstemnae i samband med NU sitt 25-års stemne i Trondheim sumaren 1921. Der vart grunnlaget for at NU vart den leiande organisasjonen for «leikarbeidet» (songdans og turdans) i landet. Sumaren 1921 var dei også sentrale i den 2. nordiske folkedansstemna i Kjøbenhavn. Den norske flokken var stort sett dei same som var på stemnet i Stockholm. Her fekk dei også møte dansarar frå Færøyane, og det gjorde eit sterkt inntrykk. Året etter, i 1922, hadde Leikarringen i BUL hovudansvaret for den vellukka 3. nordiske folkedansstemna i Oslo, samstudes med Årsmøtet i NU.

Den Norske Folkeviseringen
Her minner vi også om at det i åra under og etter den første verdskrigen var ein god del folkevisedans i Kristiania utanom BUL. Det var i stor mon knytt til arbeid på austkanten i byen, knytt til fråhaldslosjar, arbeidarungdomslag, kommunistiske lag. Ragna Gunleivsen og Einar Øygard var mellom dei sentrale rettleiarane i dette arbeidet. Dei to var også sentrale då organisasjonen «Den Norske folkeviseringen» (DNF) vart skipa i 1919, som ein frittståande organisasjon for folkedansarane. Leikarringen i BUL gjekk ikkje med i DNF, og det var motsetnader mellom leiande folk i BUL og i DNF. DNF vaks snøgt, og det vart også skipa to fylkeslag, til dømes i Oslo, og i 1923 var det over 7000 medlemer i DNF. I løpet av 1923/24 vart DNF nedlagt.

1923 eit viktig år
Året 1923 vart eit svært viktig år for framvoksteren av folkedansrørsla både i Noreg og i Oslo. Den 14. mars gjekk 9 av bygdelaga i Oslo med i alt ca 2300 medlemer, mellom dei BUL, saman og skipa Oslo Fylkeslag, som skulle vere medlem av Noregs Ungdomslag. Skrivaren i NU Edv. Os var pådrivar for tiltaket. Aslak Tonna (1881-1934), lærar i Oslo frå 1911, var då leiar i Teleringen, opprinneleg frå Vinje. Oslo Fylkeslag fekk mykje å seie for bygdelaga i hovudstaden, særleg etter at dei fekk sitt eige hus i Nordahl Bruunsgt. 22 i 1927. Frå 1926 hadde Fylkeslaget eigen leikrådgjevar – den første var P.A. Schanke ( – 1928). Dei hadde prøvt å skipe Fylkeslag i Oslo før, men det stranda pga usemje om «målsaka».

Ikkje mindre viktig var det at på «Den 3. norske forlkedans- og spelemannsstemna» i Bergen i månadsskiftet juni/juli vart spelemennene i landet samla i ein organisasjon – Landslaget for spelemenn. Det var Arne Bjørndal, Jon N. Dale og Rikard Berge, kjende spelemenn og granskarar, som stod bak, og det praktiske arbeidet i samband med skipinga var det Edv. Os som gjorde. Formelt vart laget underlagt NU, men kom til å arbeide svært sjølvstendig. Arne Bjørndal vart første formannen (og heilt til til 1936) i styret saman med Gunnulf Borgen, Jon N. Dahle, Lorenz Hop og Anders Sandnes. På stemnet var det også kappleik. Der deltok 24 spelemenn av 28 påmelde. Best vart Dreng Ose og Halldor Meland. Ein del av bakgrunnen til at landslaget vart skipa, finn vi i laget «Foreningen til folkemusikkens fremme» som vart skipa i Oslo i 1918 med grosserar Herbrand Hagen i spissen. Det laget hadde i åra før skipa til «landskappleikar» i Oslo, den siste i 1922.

Den store leikstemna i Bergen vart også ei gild mønstring av folkedansen. Det var store festar og mønstringar både innandørs, til dømes festframsyning i Losjen, og utandørs på Møhlenpris og avslutningsstemne i Nygårdsparken. Frå Leikarringen i BUL Oslo var det heile 14 par, mellom dei hallingdansaren Johan Hoverud og gangardansaren Gunnar Gakkestad frå Setesdal. I etterkant av dette stemnet skipa NU til ei vidgjeten ferd til Nordkapp med «Hardangerfjord». Det var 150 med då dei starta i Bergen, mellom dei 9 frå Leikarringen i BUL. I Trondheim kom 7 trønderpar til. Der båten stoppa på veg nordover var det mellom anna framsyning av folkedans, under leiing av Klara Semb, og dette var ein god kveik for arbeidet med folkedansen. I Harstad var det ein lengre stogg og Årsmøte i NU. Dei dansa også midnattssol på sjølve Nordkapp-platået. Skrivaren i NU Edv. Os har på ein morosam måte skildra denne ferda og ferda til den nordiske folkedansstemna i Gøteborg seinare på sumaren, i boka «Stemneskrå» som NU ga ut i 1924.

Frå 3. til 6. august 1923 vart den 4. nordiske folkedansstemna halden i Gøteborg i samband med den store verdsutstillinga der. Det var 1600 deltakarar frå Sverike, Noreg, Danmark, Åland og Tyskland. På opningsfesten i Kongresshallen var også den svenske kronprinsen til stades. Elles var det mange framsyningar mellom anna på Slottsskogvallen. På avslutningsdagen i Stora Gården var det 40000 menneske.

Avslutning
På dei første dryge 20 åra frå 1902 har folkedansen vakse seg fram til ei organisert rørsle som dei siste åra hadde vakse svært snøgt. Nasjonalt hadde både dansarane og spelemennene fått ei stø organisasjonstilknytning, det nordiske samarbeidet var i godt gjenge, det var i ferd med å kome skrifteleg materiale til hjelp for rettleiarar og leikarringar, og arbeidet for å rekonstruere lokal bunader var i gang mange stader. Les også korleis Hulda Garborg så  på dette i Innleiinga til «Songdansen i Nordlandi» som kom i 1923, og korleis Klara Semb oppsummerer stoda same året.

Litteraturliste for dette stoffet:
Johan Krogsæter:  «Fram dansar, Leikarringen i Bondeungdomslaget 1919-1969». Noregs Boklag 1969
Einar Breidsvoll (red): «Bondeungdomslaget i Oslo. 30-årsskriftet» , Oslo 1929
Johan Austbø og Einar Øygard: «Folkedansen i 20 år. 1903-1923.» Oslo 1923
Hulda Garborg: «Songdansen i Nordlandi», 3. utgåva 1923. Aschehoug 1923.
Aasmund Svinndal: «Hugmål Eit minneskrift. Bondeungdomslaget i Oslo i 50 år i arbeid for norsk folkedans», Oslo 1953.
Victor Krüger (red): «Oslo Fylkeslag 1923-1953». oslo 1953
Jostein Mæland: «Landslaget for spelemenn 1923-1973», Voss 1973.
Johs. A. Dale: «Hulda Garborg», Noregs boklag , Oslo 1961
Tor Obrestad: «Hulda», Gyldendal norsk forlag, Oslo 1992
Kristoffer Sælid (red): «ho tok oss med. Festskrift til Klara Semb på 80-årsdagen 17. oktober 1964» Noregs Boklag , Oslo 1964