Andre aktivitetar i Symra

I Symra er det mange aktivitetar i tillegg til dansen. Her er ei oversikt over det viktigaste. Dei kjem i tillegg til dei faste øvingane i folkedans/stildans og dansekursa.

Toradermusikken
Symra har dei siste åra kvart semester hatt kurs i toraderspel, faktisk på 3 nivå. Desse kursa har blitt svært populære. Dei flinkaste deltakarane har danna ei toradergruppe som kallar seg «Symradern». I blant syter dei for dansemusikk på kaffikveldar/kulturkveldar og på folkedanskveldar. Er det nokon som vil lære å spele torader, er det berre å ta kontakt med leiaren i Symra!

Trekkspel

Symra har no eit kurs for dei som spelar trekkspel.

Teaterkveldar
Fleire gonger for halvåret går grupper av Symra-folk på teater saman. Ragnhild Slyngstad og Liv Kalvatn har stått i spissen for tiltaket. Oftast går turen til Det Norske Teatret. Som regel blir dei fleste med på ein restaurant etterpå for hyggeleg prat og litt mat.

Hausttur/Fjelltur
I mange 10-år har Symra kvar haust arrangert ein tur til fjells. Det blir gjerne eit opphald på eit hotell eller fjellstove med korte eller lengre dagsturar i fjellstrøka rundt. Om kvelden blir det oftast dans etter ein god middag. I mange år har Eystein Grimstad, med hjelp av Oddny Feragen, vore ansvarleg for dei fine opplegga. Turane kombinerer friluftsliv, kulturopplevingar, dans og sosialt samvær på ein fin måte.

Gåturar

Da koronaen kom vart øvingar avlyste. I staden la styret opp til gåturar/ besøk på kjende plassar.

Vennskapsringen «Viljan» i Stockholm
Heilt frå 1965 har Symra hatt «Viljan» i Stockholm som vennskapsring. Kvar pinse har dei to ringane besøkt kvarandre, annakvart år i Oslo og i Stockholm. Også ved andre høve har dei to ringane samarbeidd, og mange fine vennskap har vakse fram.

Framsyning av dans
Framsyning av dans – oppvisningar – har vore vanleg mellom leikarringane. Slik også i Symra. Heilt sidan 1960-talet har ringen kvar 17.-mai hatt oppvisning på 4-5 alders- og sjukeheimar i Bærum. Før dansa vi ofte for turistar, men i seinare år blir det mest dansing på sjukeheimar.

Lagsbladet «Symra»
Frå 1980 har laget hatt lagsblad som kjem ut med 2-3 nummer pr halvår. I tillegg til generell info om laget, inneheld bladet dtoff om komande aktivitetar og referat frå ting som har skjedd.

«Nordlek» «Ålek» «Havlek»
Nordlek er eit nordisk stemne som blir arrangert i eit av dei nordiske landa kvart tredje år. I mange 10-år har Symra vore mellom dei laga som har hatt flest deltakarar på dette stemnet. Ofte har vi vor 30-40 personar. Ein stor del av flokken har overnatta saman på eit klasserom eller ein gymsal.

Når det er mindre nordiske stemne, som Ålek 2019, har Norge som dei andre landa, ei kvote som får reise. Symra deltok på Ålek  i 2019. I 2022 er nesten 20 medlemer påmelde til Havlek i Torshavn.

Sommarturar
Nesten kvar sommar arrangerer Symra ein utanlandstur, som oftast til Europa. Før var det gjerne for å delta på ein dansefestival, men i seinare år har det blitt mest sosiale ferieturar.

Folkedanskveldar
Kvar søndagskveld er det folkedans for alle i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22. Her er det mest gamaldans, litt turdans og bygdedans og songdans. Symra er mellom dei laga som står som teknisk arrangør for desse kveldane.