Kort historisk tilbakeblikk

1 Symramerket stort copyInnleiing
Symra vart stifta i 1960 som eit særlag i dei tre bygdelaga frå Møre og Romsdal – Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. Dei første åra var det mest folk frå Møre og Romsdal som var medlemer, men etter nokre år kom medlemene frå heile landet.
I 1983 vart Symra eit sjølvstendig lag i Bygdelagssamskipnaden og dermed eit lag i Noregs Ungdomslag.
Symra arbeider med alle typer norsk folkedans, også ein del nordiske. Vi legg vekt på dansar frå Møre og Romsdal.
I tillegg til det som står nedanfor, finn du ein del om Symra si historie her.
(NB: Husk å trykke på «bakoverpila» i nettlesaren for å kome tilbake til denne sida, etter at du har trykt på ei lekkje eller eit bilete.)

Øvingskveldane
I lang tid har Symra hatt øvingane sine onsdagskveldane i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22, kl 1930 – 22.00. Midt i økta har vi ein halv times pause då folket får seg ein kopp kaffe/te og noko å bite i. På øvingskveldane blir det dansa mest turdans og songdans, men òg ein del stildans, gamaldans og bygdedans. Vi bruker òg ein del nordiske dansar.
Alle dansane som Symra bruker er omtala (rettleiing) på den gamle heimesida. Der er også omtale av dei dansane som er utvikla i Symra (det kvite heftet) finn du òg som video på Youtube.

Kaffikveldar/KulturkveldarDanseviser
Kaffikveld songdans okt 2015 stortEit par gonger for halvåret er øvingskveldane litt annleis og blir kalla «kaffikveldar» eller «kulturkveldar». Då er det mat først (eit heilt bord med gode kaker/vaflar etc), ofte noko underhaldning, og litt friare dans enn på vanlege øvingskveldar. Dei siste par åra har kjente artistar blitt invitert for å underhalde. Då har kulturkvelden starta kl 19.00 med underhaldningar først. Her er korte referat frå kaffikveldar og mangt anna. (Foto: Kaffikveld om songdansen, oktober 2015) (Foto: Hefte med «våre» dansar.)

Stildans/balldansar
I 2000 starta laget med særskilde øvingar i såkalla «stildans» som er for det meste historiske dansar frå 1700- og 1800-talet (til dømes menuett, fransese, lancier, gavott og mange andre, dei fleste frå England, Frankrike eller Skandinavia). Øvingane er på fredagar og nokre søndagar. Dei fleste som deltar er frå Symra, men også mange andre i Oslo-området. Kvart halvår blir stildansen avslutta med eit såkall «miniball». Symra har sjølv arrangert 3 ball, det eine på Grand hotell i samarbeid med NU. Her er bilete frå svært mange ball og miniball. (Foto: Første ballet for symrafolk, Sandefjord 2000.)

Seminar
Klekken-okt-2015-1I seinare år har laget hatt eit helgeseminar på Klækken hotell i byrjinga av oktober. Her får vi lære nye dansar og repetere gamle. Vi får god mat, hyggjeleg miljø i fin natur. Om kveldane får vi danse saman i ein av dei gode dansesalane på hotellet. I 2010 var seminaret via Symras 50-års-jubileum, i 2015 leikfest og i 2018 «Kristianiadansar» for å nemne noko. Her er bilete frå mange seminar. (Foto: Seminar Klækken oktober 2015)

Framsyning
FSkansen 2005 x2ramsyning av folkedans har vore ein viktig aktivitet i laget, både framsyningar for turistar, på sosiale instituajonar, på festivalar og på reiser i inn- og utland.
Kvar 17. mai frå 1969 har Symra dansa på 4-6 ulike institusjonar i Bærum. Det er ein fin måte å feire dagen på.  Her er bilete frå mange 17-mai. (Foto: Skanen i Stockholm 2005.)

Fjellturar/haustturar
fredag-nesten-alleKvar haust, i slutten av august, drar laget på ein hausttur. Turen har ofte gått til fjells, og har blitt kalla fjellturen. Ofte har rundt 40 vore med på desse populære turane. Her er bilete frå mange haustturar. (Foto: Turen til Val Gardena i 2012.)

Teaterturar
Kvart halvår blir det arrangert felles teaterturar, oftast på Det Norske Teatret. Før eller etter teateropplevinga er det vanleg at deltakarane går saman på kafe eller restaurant og har det hyggjeleg med mat og prat.

Jubileumsbøker
Symra 50 aarSymra har gitt ut to jubileumsbøker, ei ved 25-års jubiléet og ei ved 50-årsjubiléet i 2010. Det er enno råd å få kjøpe bøkene. Særleg den siste boka inneheld ei lang rekkje bilete frå livet i Symra, dei fleste bileta i fargar. I samband med jubileet ga Vebjørn Bakken ut eit hefte med dansar som har blitt tekne opp i Symra og Oslo Songdanslag gjennom åra. (Foto: Jubileumsboka Symra 50 år.)

Vennskapsringen Viljan
Viljan i Stockholm har vore Symra sin vennskapsring heilt frå 1965. Kvart år har dei to laga vitja kvarandre. Det faste tidspunktet er pinsehelga. Då reiser enten Symra til Stockholm eller Viljan kjem til Oslo, normalt annakvart år. Då har vi trivelege festar i lag, har framsyningar og dreg på turar i eller utafor byane. Her er bilete frå mange Viljan-besøk. Her er video av Symra si framsyning i Stockholm i pinsa 2015. (Foto: Symra og Viljan på Skansen i 2005.)

Lagsbladet «Symra»
Lagsbladet har kome ut fast heilt frå 1981. Det kjem normalt 4-6 gonger for året og inneheld mest stoff om det som skjer i Symra, referat frå tilskipingar som har vore og informasjon om det som skal skje.

Turar til utlandet
Gjennom åra har Symra mange gonger reist på turar til utlandet, til mange stader i Europa og ein gong også til USA (2008). Slike turar har ofte vore i samband med ein festival der Symra har hatt framsyningar.  (Foto: Neustadt, Tyskland, 2001)

Nordlek
Symra har gjennom mange år vore ei av dei største gruppene på Nordlek, og ofte har vi vore kring 40 deltakarar. Nordlek er ein nordisk festival som blir arrangert kvart tredje år, og går på omgang mellom dei nordiske landa. Siste Nordlek var i Viborg i 2015. Mange frå ringen har også vore med på Isleik. Her er bilete frå mange Nordlek og Isleik.

NU-stemnet
Før var NU-stemnet kring jonsok eit stemne der mange frå Symra deltok. Ofte drog symrafolk i samla flokk og budde saman i teltleir eller på ein skule. Nokre år deltok Symra på framsyningskappleiken. Her er bilete frå Beitostølen.

Julefesten
Kvart år held laget julefest, oftast første laurdagen i desember. Dette er laget sin årsfest, og fungerer også som leikfest, både for medlemer og andre folkedansarar. Det er full middag, kaffi med masse heimebaka kaker og dans i alle variantar til eit orkester. Flott musikk, fin danseleiing og normalt 80-90 deltakarar. Her er bilete frå mange julefestar. (Foto: Julefesten 2010)

Festar/leikfestar
I «gamle dagar» arrangerte Symra ofte opne leikfestar og andre festar i tillegg til julefesten (i gamle dagar kalla «julebordet»). I seinare år har vi ikkje hatt leikfestar bortsett frå leikfesten på Klækken i 2015. Her er bilete frå leikfesten 2015.

Jubileumsfestar
Dei åra Symra har runda år, har det blitt markert med drustelege festar. Størst var festane i 1970 (10 år), 1985 (25 år), i 2000 (40 år) og i 2010 (50 år). Her er bilete frå jubileumsfestar. (Foto: Symra dansar «Falkvor Lomannsson» på Klækken hotell i 2010.)

Bygdelagsstemnet på Folkemuséet
Gjennom alle år har Symra teke del i BLS sitt sumarstemne på Folkemuséet på Bygdøy. Nesten alle år har laget hatt framsyning i eit av tuna. Nokre år har laget også hatt framsyning av stildans. Her er bilete frå mange BLS-stemne.

Turar innanlands
Pinsa-2010-Hurtigruta-49I gamle dagar drog Symra stundom på utferd til andre lag og hadde fest og framsyning saman med folket på staden. Tre gonger har laget vore på tur til heimefylket Møre og Romsdal. Det var i 1965, 1969 og som ein del av jubileumsfeiringa i pinsa i 2010.  Her er bilete frå den fine turen. (Foto: Frå jubileumsturen, Geiranger 2010)

Heimeside
På Symra si «gamle» heimeside (folkedans.com/symra) finst det masse informasjon om laget og referat og bilete frå svært mange arrangement dei siste 15 åra. Her er korte referat frå livet i ringen i seinare år.  Frå 2015 har laget i tillegg denne heimesida (symra.org) som er knytta til Bygdelgssamskipnaden si heimeside.

 

Click here to add your own text