Musikken i Symra

Dans og musikk høyrer saman. I Symra har vi levande musikk på nesten alle dansetilskipingar, på øvingar, kurs, festar, reiser og haustturar, og sjølvsagt når vi har framsyningar. På dei vanlege øvingane på onsdag er det normalt to «spelemenn», på kurs ein eller fleire spelemenn, på festar ofte eit heilt orkester. På øvingane i stildans har vi for det meste brukt CD. I Symra har det i seinare år også blitt eit blomstrande toradermiljø.

– Dei faste øvingane på onsdagar: Her har Solvor Sundsbø vore fast «spelkvinne» i ca 15 år. Ho spelar fele og hardingfele. Dei siste åra har i tillegg Terje Amundsen spela. Han spelar trekkspel. Til saman blir det veldig fin dansemusikk.
– Kurs i gamaldans/folkedans og pols: I det siste har ein, to eller tre spelemenn sytt for god dansemusikk. Dei tre musikarane Thomas Eid (fele), Torgeir Melien (torader) og Arne Møller (trekkspel og torader) kallar trioen sin «Att og fram» og har i det siste spela på kursa i gamaldans og litt på øvingar og folkedanskveldar.
– Kurs i toraderspel og «Symradern»: Dei siste åra har Symra kvart halvår hatt kurs i toraderspel, på tre ulike nivå, med mange deltakarar. Hallvar Opheim har vore instruktør på mange kurs, nå er Hilde Fjerdingøy kursleder. Når deltakarane på dei vidaregåande kursa opptrer på kulturkveldar eller folkedanskveldar, kallar dei seg «Symradern«. Med minst 10 toraderar på scena blir det dansemusikk med trøkk! Symra eig no eit spel. Dette er gåve frå ei som syntest det ville vere gildt at spelet kom til nytte for nokon!

– Kurs trekkspill starta hausten 2023 og held fram våren 2024.
– Kurs i bygdedansar og «Menuett frå Oravais»: Symra har iblant kurs i Springar frå Sunnmøre eller Vestlandet eller i «Menuett frå Oravais». Då er det Solvor Sundsbø som syter for levande musikk.
– Musikk på Julefesten: I Symra er det fast tradisjon med julefest/leikfest i byrjinga av desember, med bunader, julemiddag, stort kakebord og mykje dans. Då er det gjerne eit heilt orkester på 5-6 menn/kvinner som syter for musikken. Solvor Sundsbø og Terje Amundsen har vore faste musikarar i mange år, men også andre spelar for oss..
– Musikk på turar: Når Symra drar på tur, til dømes på hausttur til fjells,  nordiske stemne («Nordlek») eller på sommartur, blir det nesten alltid dans. Ofte har Hallvar hatt med toraderen sin, eller Solvor har hatt med fela.
– Musikk på framsyningar: Symra har kvar år ein del framsyningar. Då har vi alltid levande musikk. Oftast er det ein av våre «faste spelemenn» som spelar.
– Musikk på stildans-øvingar og «Miniball»:  Når laget har arrangert ball, har det vore levande musikk. Kanskje det i større grad også kan bli levande musikk på øvingane?

Solvor og Terje er dei faste «spelemennene» på øvingane i Symra.

Symradern – gruppa med torader/durspel – i aksjon på ein kulturkveld i Symra.

Trioen «Att og fram» – Thomas, Torgeir og Arne.

På julefesten i Symra er det oftast eit heilt orkester som syter for dansemusikken.