Fin julefest 5. desember 2015
Som vanleg hadde Symra sin julefest første laurdagen i desember 2015. Det er samtidig å rekne som laget sin årsfest, organisert som ein god gamaldags leikfest, med bunader, varm mat, mange heimebaka kaker og variert dans heile kvelden frå 18.00 til halv eitt. Vi var 69 til saman. Nemnda hadde også i år stelt alt vel i stand i aulaen på Engebråten skole. Fint pynta bord, eit pent songhefte, presis med maten. Tore leia bordsetet. Danseleiar var Vebjørn og dei fire i orkesteret sytte for fin dansemusikk under leiing av Solvor. Under kaffipausen fekk mange julestjerne og gode ord som takk for innsatsen dette året. Leiaren Erik H. styrde takkesermonien. Han minte også om at Symra hadde hatt eit aktivt lagsår med mange fine tilskipingar, kurs og øvingar.
- Ei fint orkester
- Eit av middagsborda
- Eit til
- Eit til
- Eit til
- Eit til
- Eit til
- Eit til
- Styret i 2015 Erna, Oddny, Erik , Eystein, Inger og Peder
- Teaternemnda Liv og Ragnhild
- Nokre av rettleiarane Live, Inger Frøydis og Dag
- Inger i framsyningsnemnda
- Anne Lise er arkivar
- ja, kven får blomar her?
- May Britt og Erik i «Symra»
- Peder ordnar med mangt
- Den flinke namnda for julefesten. Ola, Kjell, Eldbjørg, Elisabeth, Gunnar og Anne Lise