Me treng di hjelp 1.-6.juli! Blir du med?
1.-6.juli 2018 skipar Noregs Ungdomslag til sin 16. Sommarleir, denne gongen på Solbakken
Folkehøgskule på Skarnes.
Rundt 50 ungdommar i alderen 13-25 år møtest for å læra meir om folkedans, teater, friluftsliv, strikking,
yoga, vannski, organisasjonsarbeid og mykje meir.
For at ungdommane skal få ei god oppleving denne veka er me avhengige av ekstra mannskap både dag
og natt, og me vil veldig gjerne ha deg med på laget.
Dette kan du bidra med:
• Tilsynsvakt
Gjennom heile leiren treng me nokon til å halde generelt tilsyn med ungdommar og leirstaden.
Denne oppgåva brukar å vera veldig rolig, så det kan vera lurt å ta med seg ei god bok. Det
handlar mest om å vera tilstades og tilgjengelig og varsle dersom noko skulle hende. I tillegg kan
ein hjelpe til å halde området reint og ryddig med å sjå over søpla og toalett ved behov. Du får
opplæring på brannrutinar osb.
• Nattevakt
Så langt det lar seg gjere prøvar me å dele natta i to, slik at du berre er vakt halve natta, og den
andre halvdelen får du låne ei seng å kvile deg i. Dersom det skulle hende noko er fleire frå NUkontoret
tilstades i tillegg til vaktmeistar og kjøkenteneste frå skula. Her får du også opplæring i
brannrutinar og anna du treng å vite om.
• Sjåfør/vegvisar
Mange av ungdomane kjem langvegs frå og treng å bli henta t.d. på Gardermoen, Skarnes stasjon
eller andre stader der kollektivtrafikken stoppar. Me treng at nokon hentar og bringer og at
nokon tek i mot ungdomane ved ankomst. Dersom du har eigen bil kan du gjerne bruke denne, då
får du sjølvsagt køyregodtgjersle. I tillegg har me ein leirbil tilgjengelig på området.
Denne oppgåva trengst det særskilt folk til sundag 1.juli og ein nokre fredag 6.juli.
Kva får du att for å bidra?
• Rolige og trivelige dagar i sola på Solbakken
• Mat medan du er på arbeid
• Muleg å få låne ei seng før eller etter nattevakta
• Møte engasjert ungdom som brenn for den levande lokalkulturen
• Bonus: Me har også ein pott med dugnadspengar til fordeling. Desse vert fordelt til dei laga som
bidreg med dugnadsinnsats når me veit kor mange me skal dele på. Det kan vera snakk om nokre
hundrelappar, eller tusenlappar om de er ekstra ivrige.
Beste helsing
Noregs Ungdomslag
Solveig Brekke Hauknes
Kulturrådgjevar folkedans
Telefon: 24 14 11 15 / 47 39 87 64
E-post: solveig@ungdomslag.no