Fin kulturkveld i Symra 5. juni 2024
Det var ca 80 som deltok på Symra sin kulturkveld 5. juni 2024. Det var nok Egil Bakka som trekte så mange. Egil er nestoren i norsk folkedansforskning, tidlegare professor ved NTNU. Egil snakka om korleis europeisk dans har påverka norsk folkedans, meir spesifikt korleis enkle dansesteg kan breie seg og endre seg (mutere) frå tid til tid og stad til stad. Han tok mellom anna utgangspunkt i hurresteget. Foredraget vart rikt illustrert av videosnuttar. Etter foredraget var det kaffi/te og kaker til alle i kafeen. Sjelden har det vore så mange gode heimebaka kaker å velje i. Etter maten var det songdans og turdans i Storsalen. Solvor & co sytte for god dansemusikk og Vebjørn leia dansen. Det er moro når vi kan fylla heilt Storsalen med ivrige folkedansarar, ikkje minst er det moro med songdans då.