Viljan og Symra hadde ei fin pinse-feiring i Oslo i 2016. Og i etterkant hadde dei to laga ein hyggjeleg 17. mai i fint vårver.
Pinse-feiringa vart lagt til hotellet Klækken med fine samlingar med dans og hygge om kveldane og fine turar i området om dagane. Etterpå drog viljan til Haraldsheim der dei overnatta resten av opphaldet. Den 17. mai var nokre frå Viljan med symra på framsyningsrunden i Bærum medan nokre fekk oppleve barnetoget framfor Slottet. Begge deler vart sikkert vellukka.
Om kvelden 17. mai var det fest i Halli/Blåsalen. Det var dans og leik i Halli, både norsk og svenske dansar, og det var mat i Blåsalen. Der heldt og Vebjørn talen for dagen. Vi legg inn ein del bilete frå pinsa saman med Viljan.