Det var til saman 31 personar som vart med på den fine haustturen til Hallingdal i månadsskiftet august/september 2018. Som vanleg var det Eystein og Oddny som hadde planlagt og gjennomførte turen – som alltid eit spennande opplegg. Vi hadde base på Thon Hotell i Flå – ein grei plass midt i sentrum av bygda som er prega av Thon sine investeringar. Veret var det aller beste alle dagane. Fredag køyrde vi ei mils veg oppå fjellet ved Veneli og tok turen innover Vassfaret. Dei fleste gjekk ein tur på ca ei mil fram og tilbake. Trass i våt  sumar, var det mange myrar og små vatn – passa bra med namnet Vassfaret. Laurdag drog vi nokre mil nordover dalen til Garnås der det for lenge sidan var eit stort meteorittnedslag. Eystein fortalde den spennande historia og vi fekk sett restar av dei bergartane som danna  seg etter nedslaget. Dei fleste gjekk ei løype på 4 km, og mange plukka tytebær eller blåbær som det var flust av her. Søndag drog vi til Bjørneparken som ligg berre nokre hundre meter frå Flå sentrum. Vi fekk orientering om parken og dyra der, og dei fleste var med på mating av bjørnane, sume også ulvane og andre dyr. Laurdagskvelden fekk vi ei økt med dans i Thon-hallen, så vi hadde plass nok! Fasit: Enno ein fin hausttur i minneboka.
Her er nokre bilde eg tok på turen.
Stefani har lagt ut fleire fine bilde frå turen: Facebook