Onsdag 22. oktober 2014 var det stor Klara Semb-kveld i Symra. Kvelden var open for alle, og det kom ca 120, mange frå andre lag som BUL, Oslo songdanslag, Sogn og Fjordaneringen og Hordaringen. Kvelden som varde i 3 timar vart svært vellukka. Kvelden skulle markere at det var 130 år sidan Klara Semb vart fødd. Først ynskte Erik Haugros alle velkomne og hadde ein gjennomgang av viktige hendingar i Klara Semb sitt liv. Deretter heldt Tor Stallvik frå Vågå eit interesseant foredrag om Klara Semb. Han la hovudvekta på det store og viktige arbeidet hennar for norsk folkedans, særleg songdansen og turdansen. Så song vi alle «Fjell-Noreg», ein song Klara Semb sette stor pris på. Så fekk vi sjå eit TV-program som vart laga i samband med at Klara Semb fylte 80 år. Så var det tid for mat nede i den nye kafeen – masse kaker og kaffi/te. Den siste timen var det dans, sjølvsagt Klara Semb-dansar, først turdans og så songdans. Vi dansa til dømes Åttetur frå Asker, Seksmannsril, Sekstur I og II, Bendik og Årolilja, Strid for fred, Vardevakt, Margit Hjukse, Ung Åslaug og fleire. Det var Solvor og Terje som spela og Inger Frøydis og Vebjørn leia leiken. Dei aller fleste av dei som møtte, deltok også i dansen, så vi laut ha to ringar, og fullt dansegolv. Ein fin kaffikveld! Elles kan vi nemne at rettleiingsbøkene til Klara Semb kunne ein få kjøpt rimeleg denne kvelden – subsidiert av Det norske Samlaget. Ein video frå dansen ligg på You Tube.