Miniball i Symra på Nygaardsstua 1. desember 2018.

Det var heile 46 personar til stades då Stildansen i Symra hadde avslutninga si på Nygaardsstua 1. desember 2018. I desse dagar er det 19 år sidan stildansen i Symra starta opp med kurs i Playforddansar på Østerås seinhausten 1999. Mange av dei som deltok i dag var også med på dette kurset for 19 år sidan! Til saman har det vore ca 38 miniball på desse 19 åra og no har det vore ca 20 gonger på Nygaardsstua. For første gong hadde vi levande musikk – våre faste – Solvor og Terje. Det gjekk heilt fint, sjølv om dei ikkje har fått tid til å øve så mykje på alle dansane. Live styrde dansen, og fekk velfortent takk. Stildansnemnda fekk òg takk for fin organisering av kvelden, som vanleg, med god middag, kaffi , is og masse kaker seinare på kvelden. Til slutt var det broderring og «Deilig er jorden».