1. Seminar på Klækken hotell laurdag 7. okt. Temaene var songdans og turdans. Ingrid Tuko snakka om Prøysen – ein inspirator for songdansen. Ho tok utgangspunkt i heftet D’ER ÆILLER FALI FOR DEN SOM DAINSE. Ho veksla mellom prating og dansing. Det var ei gild og utbytterik økt, og fleire sa at her var det viser som fleire ringar burde ta opp i sitt repertoar.
  2. Vebjørn Bakken heldt så eit foredrag om Turdans før og no. Utviklingstrekk. Han bygde mykje på det som sto i Norske folkedansar. Turdansar. Også frå bøker av Egil Bakka: Europeisk dansehistorie og Norden i dans. Vebjørn synte fram kva slags vegar vår dans har hatt. All vår dans er sannsynlegvis kome frå utlandet. Han fortalde så kva slags genre vi har delt inn vår dans i. Her er nok bygdedansen mellom dei eldste, men kjededansen er nok også gamal. Han tok så for seg turdansen. Noregs Ungdomslag ville t.d. ha turdans i staden for runddans på møter og stemne. Til slutt fortalde Vebjørn noko interessant: Nokre frå Frankrike hadde vore på Vestlandet og høyrt og sett ein slått/ dans som dei tok med seg tilbake til Paris, med andre ord så har vi levert frå oss noko au!
  3. Leikfest om kvelden.