1 Symramerket stort copyInnleiing
Symra vart stifta i 1960 som eit særlag i dei tre bygdelaga frå Møre og Romsdal – Sunnmøringen, Romsdalslaget og Nordmørslaget. Dei første åra var det mest folk frå Møre og Romsdal som var medlemer, men etter nokre år kom medlemene frå heile landet.
I 1983 vart Symra eit sjølvstendig lag i Bygdelagssamskipnaden og dermed eit lag i Noregs Ungdomslag.

Symra dansar på Folkemuseet 1994

Symra dansar på Folkemuseet 1994

Symra arbeider med alle typer norsk folkedans. Vi legg vekt på dansar frå Møre og Romsdal.

Øvingskveldane
I lang tid har Symra hatt øvingane sine onsdagskveldane i Storsalen i Nordahl Brunsgt 22, kl 1930 – 22.00. Midt i økta har vi ein halv times pause då folket får seg ein kopp kaffe/te og noko å bite i. På øvingskveldane blir det dansa mest turdans og songdans, men òg ein del stildans, gamaldans og bygdedans.

Kaffikveldar
Eit par gonger for halvåret er øvingskveldane litt annleis og blir kalla «kaffikveldar». Då er det mat først (eit heilt bord med gode kaker/vaflar etc), ofte noko underhaldning, og litt friare dans enn på vanlege øvingskveldar.

Framsyning
Framsyning av folkedans har vore ein viktig aktivitet i laget, både framsyningar for turistar, på sosiale instituajonar, på festivalar og på reiser i inn- og utland.
Kvar 17. mai frå 1969 har Symra dansa på 4-6 ulike institusjonar i Bærum. Det er ein fin måte å feire dagen på.

Fjelltur 2010 Hallingdal

Fjelltur i Hallingdal i 2010

Fjellturar
Kvar haust, i slutten av august, drar laget på ein hausttur. Turen har ofte gått til fjells, og har blitt kalla Fjellturen. Ofte har rundt 40 vore med på desse populære turane.

Teaterturar
Kvart halvår blir det arrangert felles teaterturar. Oftast på Det Norske Teatret. Før eller etter teateropplevinga er det vanleg at deltakarane går saman på kafe eller restaurant og har det hyggjeleg med mat og prat.

Jubileumsbøker
Symra har gitt ut to jubileumsbøker, ei ved 25-års jubileet og ei ved 50-årsjubileet i 2010. Det er enno råd å få kjøpe bøkene. Særleg den siste boka inneheld ei lang rekkje bilete frå livet i Symra, dei fleste bileta i fargar.

Vennskapsringen Viljan
Viljan i Stockholm har vore Symra sin vennskapsring heilt frå 1965. Kvart år har dei to laga vitja kvarandre. Det faste tidspunktet er pinsehelga. Då reiser enten Symra til Stockholm eller Viljan kjem til Oslo, normalt annakvart år. Då har vi trivelege festar i lag, har framsyningar og dreg på turar i eller utafor byane.

Lagsbladet «Symra»
Lagsbladet har kome ut fast heilt frå 1981. Det kjem normalt 4-6 gonger for året og inneheld mest stoff om det som skjer i Symra, referat frå tilskipingar som har vore og informasjon om det som skal skje.

Turar til utlandet
Gjennom åra har Symra mange gonger reist på turar til utlandet, til mange stader i Europa og ein gong også til USA. Slike turar har ofte vore i samband med ein festival der Symra har hatt framsyningar.

Nordlek
Symra har gjennom mange år vore ei av dei største gruppene på Nordlek, og ofte har vi vore kring 40 til saman. Nordlek er ein nordisk festival som blir arrangert kvart tredje år, og går på omgang mellom dei nordiske landa. Siste Nordlek var i Viborg i 2015.

Julefesten
Kvart år arrangerer laget julefest, oftast første laurdagen i desember. Dette er laget sin årsfest, og fungerer også som leikfest, både for medlemer og andre folkedansarar. Det er full middag, kaffi med masse heimebaka kaker og dans i alle variantar til eit orkester. Flott musikk, fin danseleiing og normalt 80-90 deltakarar.

Heimesida
På Symra si «gamle» heimeside finst det masse informasjon om laget og referat og bilete frå svært mange arrangement dei siste 15 åra. Her er lekkje til heimesida.