Flott kultur kveld i Symra i oktober 2019

Siste onsdagen i oktober var det kulturkveld/kaffikveld i Symra, med opplegg slik det har vore ei siste par åra: Først eit kulturprogram på ca ein time, så mat/kaffi/te i kafeen ein dryg halvtime og deretter variert dans i Storsalen. Denne gongen var det Arne M. Sølvberg og kona Asbjørg som tok den lange vegen frå Fjelli i Stryn, og dei gav til beste svært fin underhaldning. Arne spela på mange ulike instrument og fortalde både om slåttar, instrument og opplevingar, og han og Asbjørg viste nokre dansar frå deira heimtrakter, både runddans og bygdedans, til dømes hamborgar, parhalling og gamal og ny Nordfjord-springar. Han fortalde òg om dansane. Arne og Asbjørg er det mange som kjenner godt frå den tida dei budde i Oslo og var då ofte å treffe på dans i Halli eller Storsalen. Arne spela ofte på dansekveldar, på øvingar og framsyningar, også i Symra, og han var ei tid leiar i Vestlandsgruppa i Laget for folkemusikk (etter Jon Tryti). Arne spela eit par slåttar han hadde laga sjølv, og dei var ikkje dårleare enn dei hine slåttane han spela. Han har nyleg gjeve ut ein CD berre med eigne slåttar. Elles har han spela inn mange CD’ar både som solospelemann og saman med andre. Gode nordfjordslåttar fekk vi fleire av, også etter Alfred Maurstad og ein Bolstad-slått (av Matias Bolstad). Mellom dei felene Arne spela på, var det to med svært interessant historie. Det var flatfela som Per Bolstad junior debuterte med i Aulaen, med sensasjonelt spel. Han var ein svært lovande fiolinist, men døydde svært ung. Den andre fela var den Jon Rosenlid fekk øydelagt ein gong han vart påkøyrd og fela gjekk i eit utal bitar. Men ho vart sett saman att og like god som før. Det var ei Røstad-fele, og dei er som kjent mellom dei beste hardingfelene i verda. Jau, sanneleg var det eit fint møte med dans og musikk frå Nordfjord som over 70 personar fekk oppleve denne kvelden! Etter pausen spela Symradern runddans ei økt, så var det songdans og turdans resten av kvelden, Inger Frøydis leia dansen. Arne spela saman med våre to faste spelemenn, Solvor og Terje, heilt til det var slutt, og det sette vi stor pris på. Arne spela òg ein rull og ein vestlandsspringar av godt gamalt merke, og mange var på golvet!