Stildansen i Symra feira 20 år

Stildansen i Symra feira 20 års jubileum. Den 12. oktober 2019 skipa Symra til Stildanshelg på Klækken hotell, med samvær og øving på balldansar fredag kveld, øving på balldansar på laurdag og ball om kvelden laurdag. Fredagskvelden instruerte Kristen og Live. På ballet var det nærare 100 deltakarar. Oslo stildanstrio sytte for flott musikk og Live og Per Kristian var instruktørar laurdag, og Live var ballmeister. Det heile vart gjennomført på ein fin måte, og Klækken hotell la alt vel til rette, så vi hadde middagen i salen ved sida av ballsalen. Vebjørn heldt festtale, Bente underheldt virtuost på trekkspel og Vidar takka for maten og helsa frå tilreisande.  Erik leia seminaret med vanleg entusiasme. Vi tok nokre bilde frå ballet. Trykk på eitt av dei så kan du bla igjennom.
Det var eit fint jubileum, neste gong blir om 5 år!