Hausttur til Liomseter sept 2021

Første helga i september 2021 var Symra på hausttur til Liomseter i Vestre Gausdal. Vi var totalt 21 deltakarar, frå torsdag til søndag. Fredag og laurdag gjekk vi på fjellturar, fredag på Ormtjønnkampen og laurdag på Suluhø, sume gjekk på fleire toppar. Søndag var det «museumsdag» på Kittilsbu og på Ulsrud gardsmuseum. Vi var bra heldinge med veret, godt turver. Eystein hadde som vanleg lagt opp til ein fin hausttur med ei god blanding av natur og kultur. Om kveldane var det litt forsiktig dans.