Seminar i Symra på Klækken 22-24 okt. 2021

Seminaret i Symra på Klækken hotell vart arrangert i samband med at NU feirar 125 år i 2021. Difor vart det lagt vekt på emne frå historia til NU, to foredrag om dans og musikk av NU-veteranane Tor Stallvik og Dag Vårdal. Leiaren i NU, Torbjørn Bergwitz Lauen, var også til stades på deler av seminaret, og kunne presentere den nye NU-boka. Styret i BLS var representert ved Alix Cordray. Elles var det kurs i ulike dansar, både runddansvariasjonar, songdans, stordans, stildans, bygdedans og turdans, avslutta med ein fin leikfest laurdagskvelden. Dei fleste møtte fredag, då det òg var hyggeleg dansesamling og middag. Toradergruppa i Symra hadde samstundes seminar på hotellet, så dei spela også ein del til dans i tillegg til lagets faste spelemenn Solvor og Terje. Søndag morgon heldt toraderinstruktøren Hilde Fjerdingøy ein fin ekstra konsert. (Trykk på eit av bilda så kan du bla deg igjennom.)