Fin julefest i Symra 10. des 2016
Det var 71 deltakarar på Symra sin tradisjonelle julefest i Engebråten skole. Eit lokale som egnar seg godt til slike festar, med godt dansegolv, og god plass, men ikkje så godt å syngje i. Som vanleg gjorde nemnda ein stor innsats for at alt skulle gå knirkefritt, med servering og den gode julematen og fine festleiinga. Vi må spesielt peike på den framifrå dansemusikken som Solvor styrde med sikker boge. Det 6 manns store orkesteret var heilt topp! Elles fekk som vanleg mange takk og blomar for innsatsen i 2016. Erik helsa frå styret og fortalde litt om planane for neste år. Curre og dei andre 4 frå Stockholm helsa og ynskte oss velkomne til pinse 2017. Inger Frøydis og Vebjørn styrde dansen. Her er nokre bilete frå festen.
God jul til alle!
- Erik og Hallvar
- Ekstra kaker!
- Mykje god julemat
- Mange rundt julemartbordet
- Mange her også
- Eit av festborda
- Eit anna festbord
- Eit anna festbord
- Eit anna festbord
- Eit festbord
- Eit festbord
- Eit festbord
- Nokre av nemnda
- Einar og Wenke
- Orkesterbordet
- Festnemdbordet
- Festnemndbordet
- Dei fleste av dei som fekk blomar
- Inger Frøydis og vebjørn
- Heile nemda får velfortente blomar
- Eit strålande orkester
- Orkesteret i full sving
- Unni tok vel imot.
- Wenke og Einar serverte gløgg