Stildansavslutning hausten 2019

Stildansen i Symra avslutta hausthalvåret med Miniball på Kristenstova. Opplegget var som sist, dvs levande musikk til dansen ved Solvor sitt stildansorkester – Oslo Stildansorkester. Dei gjorde ein framifrå jobb. Elles var det middag og kaffi som vanleg, med mange gode kaker, og is /kaffi til middagen. Live styrde danse på ein fin måte. Det var litt over 30 deltakarar. Ein vellukka kveld, ikkje minst fordi stildansnemnda gjorde ein flott innsat, som vanleg.