Fin julefest i Symra 2019

Som vanleg hadde festnemnda stelt i stand ein tradisjonell og fin julefest i Symra på Engebråten skole. Det var ca 60 deltakarar, god julemat til middagen og mange gode kaker til kaffi/te-en. Solvors trio sytte for prima dansemusikk og Vebjørn styrde dansen. Vi fekk eit fint hefte med julesongar, Anne Marie kåserte interessant frå sine heimetrakter i Telemark og Aase fortalde morosame historier. I kaffipausen fekk mange takk for fin innsats på festen og gjennom året. Bildegalleriet viser nokre bilde frå middagen og frå utdelinga av blomar.