Fin julefest i Symra 8. desember 2018

Det var totalt 60 personar på Symra sin tradisjonelle julefest på Engebråten skole 8. desember 2018. Opplegget var som vanleg, litt dans før middagen – variert julemeny som vanleg – turdans og songdans etter middagen, kaffiøkt med mange gode kaker, og dans framover til klokka var nesten 12. Dei tre i musikken sytte for god dansemusikk, Marita styrte musikkdansen og Dag songdansen – fint gjennomført. Festnemnda gjorde ein fin innsats for at kvelden vart vellukka. I kaffipausen var det mange som fekk julegleder som takk for god innsats gjennom danseåret. Ein fin fest!