Fin start på hausten 2019

Det var bra med folk då Symra starta hausthalvåret med kaffikveld i Storsalen siste onsdagen i august 2019. Vi fekk oppleve bilde og video frå årets festival på Åland (Åleik), der mange frå Symra, Sølja/Hamar og BUL/Molde deltok. Etterpå var det som vanleg mange kaker og kaffi/te i kjellaren. Så vara det dans, turdans, gamaldans og songdans. Mellom anna fekk vi lære eit par nye dansar som var brukt på Åleik. Jørn leia musikkdansen og Anne Grethe songdansen. Musikken var ved vår faste duo Solvor og Terje.

Symra, Erik Haugros:
tlf 91523192

Org. nr.: 994 416 782

Symra adresse: Nordahl Brunsgt. 22, 0165 Oslo

E-post, leiar Erik: erik.haugros@gmail.com

Symra øvingar:
onsdagar kl 19.30-22.o0