Fin hausttur på Hadeland 2019

Som vanleg hadde Eystein og Oddny lagt opp til ein fin og variert hausttur i månadsskiftet august/september. Denne gongen var det ikkje så langt unna, vi heldt til på hotellet Sanner på Gran på Hadeland. Dette er midt i eit gamalt kulturlandskap med fine gardar og gamal historie. Første dagen fekk vi ei fin omvising i Søsterkirkene på Granavollen, den eldste så gamal som år 1100. Vi fekk grundig avkrefta det gamle sagnet om dei to søstrene som var så usamde at dei laut bygge sine eigne kyrkjer. Søsterkyrkjer er ikkje så uvanleg ute i Europa. Så gjekk turen til ein gamal vulkantopp, Sølvsberget, ca 4 km unna. Frå den knapt 500 m høge toppen var det fin utsikt i mange retningar. Andre dagen gjekkk turen til Tingelstad, 4-5 km nordover, der vi fekk omvising i Gamle Tingelstad kirke og på Hadelandsmuseet. Interessant. Siste dagen, søndag, drog vi til Kistefoss, der vi fekk ei grundig omvising i det gamle tresliperiet som no er museum. Sanner var eit fint hotell med lange gode middager! Om kveldane hadde vi god plass å danse i Maria-salen. Det var 38 personar som deltok på den vellukka turen frå torsdag til søndag. Veret var godt. Nedafor finn du mange bilete frå turen.