Danse- og teaterensemblet YMIST  samarbeidar med dansarar frå Symra om eit forprosjekt med utgangspunkt i ei novelle av forfattar Jon Fosse. Dette prosjektet er støtta av Norsk Kulturråd.

I programmet får ein høyre novella lesen av skodespelar Morten Espeland, Symra dansar Eg ser deg, Bendik, Jentelokken, Menuett i mai. Regien er ved koreograf Erlend Samnøen.

Første øvingsdagen var torsdag 1. sep kl 18.00. Den andre gongen er torsdag 8. sep. Då er det premiere. PUBLIKUM ER VELKOMNE KL 20.00 I STORSALEN

Gratis – og ein kaffekopp får du frå kl 19.30!