I år gjekk turen til Finsehytta. Strålande ver torsdag, og da gjekk vi til Blåisen. Fire blei med ein førar opp på sjølve isen. Vidare var vi innom Rallarmuseet. Så tog ned til Voss og overnatting på ærverdige Fleischer’s, som er eit historisk hotell. Buss til Gudvangen (ned Stalheimskleiva). Båttur på Nærøyfjorden og inn til Flåm. Flåmsbana opp til Myrdal. Mykje vatn i fossane. Ein tur frå fjell til fjord og med sol, snø, is og regn! God dans på kveldane og songøving midt på dagen da vi var inne pga. regnskurane.

Takk til Eystein for ein framifrå tur.