Æresmedlem frå 1970  i Symra Per Malmedal døydde 21. april 2018. Onsdag 23. mai 2018 er det urnebisettelse i Asker kapell. Per var med på å stifte Leikarringen Symra i 1960 som ein leikarring under Romsdalslaget og Sunmøringen. Nordmørslaget var enno ikkje med. Per vart også den første formannen i ringen. Per fekk ei heller kort tid som leiar, snautt eit år. Likevel  les vi i Symrabøkene at utan hans innsats i 1960 så ville vel ikkje ringen ha kome til? Per samarbeida mykje saman med Lars Hauge om denne skipinga av Symra. Per gjekk på leiklærarkurset i 1958, og  han var ein dugande dansar. Per flytta frå Oslo i mars 1961, og han kom berre i Symra ein gong seinare, på 25-års jubileet.