Seminar om Kristianiadansar

Referat frå seminaret på Klækken 2-4 november 2018 om dansar frå Kristiania.

Første helga i november 2018 var Symra på Klækken hotell og hadde seminar om «Kristaniadansar». Som vanleg: Mykje folk (71 stk) gode kursleiarar, god mat og hyggeleg miljø! Dag Vårdal heldt to foredrag om dansen i Kristiania på 1800-talet. Torunn Rise og Per Kristian Elvestad var instruktørar i nokre av dansane og Dag Vårdal, Solvor og Terje sytte for flott musikk, både på kurset og på «miniballet» om kvelden. Dag Vårdal har i mange år arbeidd med å leite fram og rekonstruere dansar som vart brukt i Kristiania på 1800-talet, og i februar 2019 vil eit større bokverk om dette bli lansert.